Skanning av lokalt nett
Lokalskann er ei teneste for å få betre oversikt i eige nett. Dette kan bidra til å oppdaga skugge-IT, sårbare eller kompromitterte tenester. Det blir dermed lettare å kvalitetssikre oversikta over informasjonsverdiar, sjå no-tilstanden på tenestene og førebyggje hendingar.
Tenesta baserer seg på dagens sensorinfrastruktur og kan skanne frå valfritt VLAN. Vi kombinerer dette med ulike metodar for informasjonsinnhenting og kartlegging for å gje best mogleg dekning i nettverket.
Det ferdige produktet vil tilby funksjon som minner om Shodan eller liknande tenester. Dette vil skje gjennom portalen til eduCSC.
Ta kontakt via kontakt@sikt.no for å sjå om du ønskjer å ta i bruk tenesten.
Etablering
Tenesta fordrar at du allereie har ein eller fleire sensorar.
For å setje i gang treng vi:
- Ei liste over nett som skal skannast (prefiks)
- Om ikkje kan vi ta utgangspunkt i prefiks som er delegert til dykk av Forskningsnettet.
- IP-adresse og gateway (for både IPv4 og IPv6) til skanning
- Dette inkluderer detaljar om nettmaske/CIDR.
- RFC1918 fungerer fint for IPv4, så framt dette blir ruta riktig til alle nett som skal skannast av sensoren.
- IP-adressa bør opnast for i ulike brannmurar mot nett som skal skannast
- Vi kan også tagge eit spesifikt VLAN om dette er ynskjeleg, typisk ved bruk av 802.1Q-trunk.
- Adresse (URL) og API-token til NAV-instansen dykkar.
- Sjå NAV-dokumentasjonen for korleis de opprettar token.
Det kjem etter kvart meir funksjonalitet i eduCSC-portalen for å sjå rapportar og dashboard over funn frå lokalskann. Verksemda di må derfor vera innslusa i portalen for at de skal få tilgang til denne. Sjå portal-dokumentasjonen for meir info om korleis de kjem i gang.